Erslandsvatnet rundt 21.09.25

Velkomen til Erslandvatnet rundt, laurdag 21.09.25

Det blir start ved Skarveland skule mellom kl.09.30-10.30 for familie/turklasse (utan tid). Påmelding skjer sjølve dagen.

Når det gjeld konkurranse- og trimklasse, melder ein seg på i Eq-timing.
Konkurranseklasse med tidtaking og trim (utan tid) startar kl.11.00.
Vi har klassar for jenter/gutar, junior og senior-damer/menn, samt eigen trimklasse.

Det vert premiering i kvar klasse. I tillegg vert det utlodning av noko kjekt på startnummer.

Prisar:
Familie kr 150,-
Enkeltpåmelding kr 50,-
Trimklasse kr 100,-
Konkurranseklasse kr 100,-
Born (8-15 år) kr 50,-

Garderobane ved Skarveland skule vert ope for dei som ynskjer nytte seg av desse fasilitetane (med atterhald)

Det vil bli aktivitetar/quiz rundt løypa.

Open turkafè

Ta med familien og bli med oss på tur!

Alle er hjarteleg velkomne :)

Arr. -IL Ternen-