Erslandsvatnet rundt, trim
Erslandsvatnet rundt, trim

EP-78796-323637

NOK 100,-
Velkomen til Erslandvatnet rundt, laurdag 24.09.22 Det blir start ved Skarveland skule mellom kl.10.00-11.00 for familie/turklasse (utan tid). Påmelding skjer sjølve dagen. Når det gjeld konkurranse- og trimklasse, melder ein seg på i Eq-timing.Konkurranseklasse med tidtaking og trim (utan tid) startar kl.11.00. Vi har klassar for jenter/gutar, junior og senior-damer/menn samt eigen trimklasse. Det vert premiering i kvar klasse. I tillegg vert det utlodning av noko kjekt på startnummer. Prisar: Familie kr 150,- Enkeltpåmelding kr 50,- Trimklasse kr 100,- Konkurranseklasse kr 100,- Barn (8-15 år) kr 50,- Garderobane ved Skarveland skule vert ope for dei som ynskjer nytte seg av desse fasilitetane. Det vil bli aktivitetar/quiz rundt løypa. Open turkafè i regi av Sandvollstova. Ta med familien og bli med oss på tur! Alle er hjarteleg velkomne :) Arr. -IL Ternen-