Trioløpet

IL Trio friidrett etablerer frå våren 2026 “Trioløpet”. Laurdag 11.april går dette arrangementet av stabelen for første gong. Dette skal bli eit løp der vi famnar flest mogleg:

Løpsklasse med tidtaking: Ei oppmålt og flat 5 km løype frå Husnes stadion, gjennom sentrum og rundt kyrkja, med gode moglegheiter for å perse på distansen.

Mosjonsklasse utan tidtaking: Delvis same løype, men 3-4 km lang og trasé for gange eller jogging langs Opsangervatnet. Påmelding løpsdag i sekretariatet.

Barneløp: Ein kort distanse på eller rundt Husnes stadion. Påmelding løpsdag i sekretariatet.

Lågterskel tilbod med tilpassa distanse på eller rundt Husnes stadion. Påmelding løpsdag i sekretariatet.

Vi er i gang med planlegging av arrangementet og vonar det kan bli ein folkefest minst på høgde med det gamle, gode Søralløpet, som diverre ikkje lenger eksisterer. Dette skal bli kjekt!

Ved spørsmål kontakt Are Ulseth: 99240087

Påmeldingen er stengt