Stord friidrett ønskjer velkommen til ein skikkeleg løpsfest i Leirvik sentrum laurdag 3. mai 2025. Dei fem første utgåvene av dette arrangementet hadde namnet Sunnhordland Maraton. I 2024 kom arrangementet i heilt ny drakt, som Sunnhordland løpsfest, noko som også vil vere gjeldande i 2025.

Distansar: 5 km, 10 km, halvmaraton, barneløp og superløp for personar med nedsett funksjonsevne (tidlegare Team PULS).

Start og mål er i Borggata på Vikjo. Merk at dette også gjeld for 5 km, som tidlegare har hatt start på Kattatveit. Meir info om løypetraséane finn ein på Sunnhordland løpsfest si nettside.

Påmeldinga til dei ordinære distansane og superløpet gjer du her på EQ Timing.

Påmeldingsskjema til barneløpet finn ein her! Barneløpet er ca 450 meter langt, og vil bli delt opp i to startar; ein med foreldrefølge og ein utan.

I 2024 var alle barneløpa til Stord friidrett gratis å delta på. I 2025 er me diverre nøydd til å gå tilbake til den gamle ordninga med betaling via Vipps.

Skal ein springa ein av dei ordinære distansane, må ein betala vanleg pris. Prisen for dei ordinære distansane aukar to gonger fram mot arrangementet: 1. januar og 1. april.

Det blir diverre ikkje arrangert noko offisielt After Run-arrangement i 2025, men me oppmodar løparar og andre til å ta turen til vår samarbeidspartnar Bakeriet Frugård for å ete pizza etter arrangementet eller seinare på kvelden.

Sjekk Facebook for fortløpande nyheiter frå Stord friidrett.

Sjå nettsida til Sunnhordland løpsfest for praktisk informasjon.