Oransje løype: Start i Leirvik sentrum, traséen går rundt Ådlandsvatnet. På veg inn mot Møllebrua skal løparane springa over vegen som dei alltid har gjort, medan dei må under Møllebrua og over den vesle gangbrua etter at dei har vore rundt vatnet. Denne endringa kom i 2023, og vil gjelda i all overskueleg framtid. Det er løypevakter som viser tydeleg kvar ein skal springa.
Grønn løype på kartet over er ikkje lenger gjeldande: Frå og med 2024 har løypetraséen for 5 km start i Leirvik sentrum. Sjekk nettsida til Sunnhordland løpsfest for meir info.
Oransje + raud løype: Start i Leirvik sentrum, rundt Ådlandsvatnet, vidare opp til og gjennom Landåsen, forbi Heiane, inn igjen i Landåsen og tilbake til sentrum.
Borggata
Grus og asfalt