Saksaløpet har blitt arrangert 6. ganger tidligere med stor suksess. Vi satsar på enda eit kjempeflott arrangement i 2024. Motbakkeløpet er på Urke i den fantastiske Hjørundfjorden. Dette er eit område med magisk utsikt over dei flotte fjella, tindane og fjordane. Løpet går i råsa som vart utbedra med steintrapper, tilordna av Sherpaer frå Nepal, i 2015.
Etter oppgraderinga har Saksaråsa blitt svært kjent da det er ein overkommelig tur for dei fleste, samt at ein får oppleve utsikt og natur i verdensklasse.
Løpet vil starte ved Urke Kaihus og ende ved inngangen til førstetoppen av fjellet Saksa, som er 1040 m.o.h.
Start turklasse fra kl.09.30 til 11.15.
Start konkurranseklasse kl.12.00 (fellesstart).
I konkuranseklasse er det krav om sekk som inneheld: Vindjakke, bukse, tørr super, drikkeflaske og energibar/banan (arrangør tek stikkprøvar på toppen, og det blir gitt tillegg i tid om utstyr manglar). Det er forbod med stavar.
Det vil bli fleire drikkestasjonar langs ruta. På toppen blir medalje utlevert til alle som har fullført.
Premieutdeling ved Urke Kaihus kl. 16.00. 3 første i kvar klasse + trekkepremiar blant alle som har fullført løpet.
