SpareBank 1 Vartdalsstranda Halvmaraton 2026

Team Joggis inviterer for sjette gong til løpsfest på Vartdal laurdag 23. mai 2026. Denne gongen vil vi arrangere både halvmaraton og 10 km.

100 % av deltakaravgifta går til Kreftforeininga. Midlane som blir samla inn i år, er øyremerkte det nye Vardesenteret som skal byggjast på Åse sjukehus i Ålesund.

Påmelding til løpet er delt inn i KM halvmaraton, halvmaraton, 10 km og trimløp rundt dalen. Trimløpet rundt dalen har valfri distanse på 5, 7 eller 10 km.

Aldersgrense for å delta på halvmaraton (21,1 km): 15 år

Start og mål er ved skulen på Vartdal. Frå skulen går løypa rundt dalen, vidare til Nordre Vartdal og rundt dalen der, før den vender tilbake til målgang ved skulen.

Vi vil også denne gongen arrangere eit trimløp rundt dalen på Vartdal. Starttidspunktet for trimklassa er valfritt, og born kan bruke sykkel om dei vil. Alle deltakarar får medalje!

I tillegg vil vi arrangere barneløpet «Mini Joggis». Traséen i løpet er om lag 1 km med start og mål på same plass som dei andre løpa. Det blir sjølvsagt medalje til alle deltakarar. Påmelding skjer i sekretariatet på løpsdagen. Pris for påmelding: 50 kr.

Utlevering av startnummer skjer på Vartdal skule same dag som løpet. Møt opp i god tid før start.

Program:

  • 11.00 Start halvmaraton

  • 11.30 Start barneløp

  • 12.00 Start 10 km

  • 14.00 Premieutdeling

Lisens:
Det er krav om kjøp av lisens/eingongslisens for alle deltakarar i arrangement i regi av idrettslag/foreiningar tilknytt Norges Friidrettsforbund. Kravet gjeld for alle deltakarar mellom 13 og 80 år. Lisenskravet er innført for å:

  • Forsikre alle deltakarar, funksjonærar og arrangement

  • Gi Norges Friidrettsforbund moglegheit til å styrkje aktivitetstilbodet

  • Utvikle gode arrangementsløysingar for alle arrangørar

Kjøp av lisens kjem automatisk opp i påmeldinga.

Vi håper å igjen skape eit like godt arrangement som vi hadde i 2021, 2022, 2023, 2024 og 2025.

Følg med på Facebook-sida vår for oppdatert informasjon!