Laurdag 7. september 2024 arrangerast Melshornløpet for fjerde gong!
Løpet er eit motbakkeløp frå Volda sentrum til toppen av Melshornet i Volda/Ørsta.
Klasser og premiar:
Det vil vere konkurranseklasser med tidtaking for både senior og junior, samt ei mosjonsklasse. Alle deltakarar får medalje på toppen. Det vil vere pengepremier til topp 3 i junior og seniorklasse:
1. plass - 3.000 kr.
2. plass - 2.000 kr.
3. plass - 1.000 kr.
Juniorklasse 13-22 år
Seniorklasse 23-99 år
Vi har mange flotte premiar som blir trekt blant ALLE deltakarar! Meld deg på og gjennomfør løpet, og du er automatisk med i trekninga!
Fristen for påmelding til konkurranseklassene er sett til fredag 6. september kl. 20:00. Sjølv om det ikkje er påmeldingsfrist for mosjonsklassa, ser vi helst at flest mogleg melder seg på i forkant for å avhjelpe arrangøren.
For alle i konkuranseklasse er det krav om sekk som inneheld: Vindjakke, bukse, tørr super, drikkeflaske og energibar/banan (arrangør tek stikkprøvar på toppen, og det blir gitt tillegg i tid om utstyr manglar).
Start for mosjonsklassa er frå kl. 09:00 til 11:00. Konkurranseklassene har fellesstart kl. 11:00.
Premieutdeling blir i startområdet kl. 14:30.
Barneløp:
Eige barneløp frå sentrum til Årneset! Her er det berre å møte opp på løpsdagen, inga påmelding i forkant. Løpet går frå kl. 11:30 til 12:00. På Årneset vert det utdeling av medaljar til alle som deltek. Løpet er ope for alle born som ønsker å delta.