Volda Bakgårdsultra 2026

Volda Bakgårdsultra – 17. oktober 2026 Er du klar for å teste grensene dine?

Laurdag 17. oktober går startskotet for Volda Bakgårdsultra – tilbake for ein ny runde med det mest nådelaust enkle konseptet i løpsverda. Kvar time startar ei ny runde på 6,7 km, og du vel sjølv kor lenge du vil halde det gåande.

Totalt står 12 rundar på programmet. Klarar du alle, har du fullført 80,5 km – ein solid ultradistanse og ei oppleving du seint vil gløyme.

Stad: SpareBank 1-hallen, Volda Stadion (innandørs fasilitetar, toalett og publikumssoner)

Dato: Laurdag 17. oktober 2026 Starttid: Kl. 08:00 Format: 12 x 6,7 km – start kvar heile time Deltakarar: Maks 150

Dette er eit løp for alle – frå deg som vil ta ei runde i godt lag, til deg som drøymer om å stå på startstreken når siste runde blir blåst i gang.

Meld deg på og bli med på ei unik løpsoppleving i Volda!

Arrangementet er fulltegnet