Gloppen Halvmaraton 2026

Invitasjon til Gloppen Halvmaraton 2026

Følg oss på facebook: Gloppen Halvmaraton | Facebook

Fjellhug/Vereide IL inviterer til årets Gloppen Halvmaraton, som går av stabelen laurdag 3. oktober 2026. Dette er eit arrangement for både aktive og mosjonistar, med fleire distansar og moglegheiter for deltaking. Halvmaratondistansen gjeld også som KM Sogn og Fjordane *)

Dato og start

Gloppen Halvmaraton vert arrangert laurdag 3. oktober 2026. Startskotet for hovudløpet går kl. 14.00, men det er òg mogleg å starte kl. 13.15 for dei som reknar med å bruke rundt to timar eller meir på distansen. Om du reknar med å bruke om lag to timar eller meir, vel du ved påmelding pulje 1 og startar kl. 13.15. Alle andre vel pulje 2, og startar kl 14.00 kl. 14.00. Det er reservert 100 startnummer til pulje 1.

Distansar

Halvmaraton (start 13.15/14.00)

10 km konkurranseklasse (start kl 14.10)

10/21 km rullestolpigging (start kl 14.05)

Startstad og løypetrasé

Løpet startar i år i Sandane sentrum. Startnummer kan hentast frå kl. 11.00 på Heradshuset. Løypa går frå sjøkanten på "Rød løpar", og vidare inn på FV615 langs Gloppefjorden, med vendepunkt om lag 3 km forbi Sande. Løparane følgjer same veg tilbake til mål. Løypas lågaste punkt er 2 moh., og høgaste punkt er 18 moh. Underlaget er asfalt. Deler av løypa er stengd for biltrafikk under løpet (0–3 km, 3–7,5 km og 13,5–18 km). 10-kilometeren har vendepunkt på Gimmestad etter 5 km.

Drikkestasjonar

3 km/ 6,5 km

9,5/ 14,5 km

18,5 km

På drikkestasjonane vert det servert saft og vatn.

Praktisk informasjon

Garderobar, dusj og toalett finn ein i Trivselshallen. Toalett er også tilgjengeleg i start/målområdet. Opne frå kl. 11.00.

Kiosk i arrangementsområdet.

Parkering ved Trivselshallen, Gloppen ungdomsskule og Sandane sentrum. Merk at det på enkelte område i sentrum er P-avgift, der dei to første timane er gratis.

Sosial middag etter løpet på Gloppen Hotell. Bestill det saman med påmeldinga. Rimeleg pris: kr. 295,-

Løpsskjorte: I år har kan vi tilby ein flott løpsskjorte til kr. 250,-, med lokalt motiv, og årstal. Kjøp den når du går i EQ timing for påmelding. Bestillinga kjem du til når du registrerar deg.

Påmelding og startkontingent

Startkontingent halvmaraton er kr 350,- ved påmelding innan 26. september kl. 23:59, og kr 500,- ved seinare påmelding. Startkontingent 10 km er kr. 250,- fram til 26. sept kl 23:59, deretter kr. 350,-. Påmelding skjer via EQtiming.

Premieutdeling

Premieutdelinga finn stad om lag kl. 16.00. Det vert delt ut premie til dei tre beste i kvar klasse på halvmaraton, og til vinnarane av dei ulike klassane på 10 km.

Ein del premiar blir trekte på startnummer, m.a. dei ti populære kassane med Nordfjordfrukt. Eit gåvekort frå Gloppen Hotell (3-rettars middag/overnatting) blir trekt til slutt. Her må du vere tilstades under trekkinga. Er du ikkje det, trekkjer vi på nytt.

Påmeldingslenkje: Gloppen Halvmaraton 2026

Overnatting

Gloppen Hotell

Gloppen Camping og fritidssenter

Reed Camping

Gordon Hotell (Reed)

Diverse utleigehytter

Thon Hotel (Skei i Jølster)

*) Halvmaraton gjeld som Krinsmeisterskap for Sogn og Fjordane. Det er viktig å merke seg at for å delta i KM, må du registrere at du spring for ein klubb tilslutta Sogn og Fjordane Friidrettskrins. KM-medaljer til dei tre beste i kvar klasse.

Hjelp og betingelser