Lørdag 10. mai 2025
Fløyrn - Knarvik er ein turmarsj/løp på ca. 27 km. Traseen går frå Fløyen til Knarvik Senter. Store delar av turen følger den gamle postvegen og fortset på fortau/veg/sti over Norhordlandsbrua, Flatøy og Hagelsundbrua til Knarvik Senter. Dersom du ikkje vil gå heile turen, kan du starte frå IKEA i Åsane (14km).
Eigen løpsklasse med tidtaking og premiering av 3 beste kvinner og menn. Løpsklasse berre med start på Fløyen
Tur med Fløybana opp til Fløyen er ink. i påmeldinga.
Start turklassen i peroden 0930 - 1000.
Start løpsklasse kl 1100.
Start frå IKEA kl 1130.