Start individuell konkurranse og stafettkonkurranse 1. mai kl. 13.30 ved Tjugum kyrkje
Individuell konkurranse
Yngste individuell konkurranseklasse er 13 år (f. 2013)
Påmeldinga opnar 1. februar frå kl. 00:00 og er open til 30.april 2026 kl. 23:59. For påmeldingar 1. mai til kl. 13.00 kjem eit tillegg på 100 kr.
NB! Siste frist påmelding individuell konkurranse er 1. mai kl. 13.00.
400 kr 23 år og eldre dersom heilårslisens
440 kr 23 år og eldre inkl. eingongslisens (kr 40)
200 kr 13 - 22 år dersom heilårslisens
230 kr 13 - 22 år inkl. eingongslisens (kr 30)
100 kr 13 - 16 år for medlemmer i Balestrand Idrettslag (8IL) med heilårslisens
130 kr 13 - 16 år for medlemmer i BIL inkl. eingongslisens (kr.30)
NB ! kr. 100 i tillegg ved påmelding løpsdagen, dvs. 1. mai.
Hente startnummer individuell konkurranse: Innan kl. 13:00 løpsdagen ved Tjugum kyrkje.
Stafettkonkurranse tre (3) klassar
Stafett med tre (3) etappar som del av landevegsløpet. Etappe 1: 3,4 km, etappe 2: 2,8 km og etappe 3: 2,3 km.
Siste påmelding stafett konkurranse er 30. april kl. 24.00.
kr. 100 Stafett 11-12 år (f. 2015 og 2026) - M/K eller M+K. Samla alder er maksimalt 36 år. Ikkje deltakar under 11 år.
kr. 200 Stafett 13-16 år (f.2023-2010) - M/K eller M+K. Samla alder er maksimalt 46 år. Ikkje deltkar under 13 år.
kr. 400 Stafett 17år > Lågaste alder er 17år, elles ikkje øvre aldersgrense. M/K eller M+K.
Hente startnummer stafett innan kl. 13:00 løpsdagen ved Tjugum kyrkje.
Deltakarpremie alle stafettlag.
Lisens
Norges friidrettsforbund (NFIF) krev lisens for alle startande etter fylte 13 år i konkurranse. Ved arrangement utanfor bane kan du velge mellom eingongslisens og heilårslisens.