Dette er ikkje ein vanleg tur – det er ei kraftprøve med utsikt som tek pusten frå deg.
Damvegen Opp - 4.5km blodslit
Er du klar for ei kraftprøve med fantastisk utsikt som belønning?
Bli med på motbakkeløpet i Ålvik!
Løypa er 4,5 km lang, med heile 600 høgdemeter – her får du testa både kondisjonen og viljen! Underlaget er grusveg heile vegen, og du kan springa, jogga, gogga eller gå – tempoet bestemmer du sjølv, men merk at det er cut-off tid på 2 timar.
To drikkestasjonar i løypa held deg hydrert, og på toppen ventar det forfriskingar.
Røde Kors er med heile vegen for å sikra ei trygg oppleving for alle deltakarar.
Medalje til alle som fullfører!
Rekordar:
Herreklasse: Jonas Hauger 26:42
Dameklasse: Lillian Ege Berentsen 39:22
Program
Kl 10:00: Innsjekk startar
Kl 12:00: Fellesstart
Kl 12:25: Målgang startar
Kl 14:00: Premieutdeling
Ålvik-fjellet Opp | Strava Run Segment in Kvam herad, Vestland