Silsetvatnet Rundt 2023

18. Juni arrangerar Batnfjord IL Silsetvatnet rundt for 33. gong. Med unntak av 2020 og 2019 har Silsetvatnet rundt vore arrangert kvart år, heilt sidan nokre entusiastar i 1989 kom saman for å dra i gang eit trimløp på Silsetfjellet. Mellom 200 og 300 har kvart år registrert seg og gått eller sprunge rundt vatnet, og dei siste åra før pandemien kunne vi sjå ei økning av deltakarar i aktiv-klassen. Grunnen til at dette er blitt eit populært arrangement er mellom anna at løypa går i et variert og flott terreng rundt Silsetvatnet.

Turtraseen er omlag 7,5 km, og er gjennomførbar for dei aller fleste. Traseen for dei aktive er noko lengre (omlag 8,8km) og gjer med det ein liten omveg opp mot Stokkåsen. Underlaget er både traktor- / skogsveg, fast grusveg og sti - ei skikkeleg god blanding. For dei som har tid til å stoppe opp er det lagt opp til saftstasjon omlag halvvegs. Det er også ein StikkUT-post langs løypa.

Påmelding, start og målgang er ved Skihytta / Silsethytta, kor det vert enkel (men god) bevertning med mellom anna "bakels" og kaffi.

For dei historisk interesserte: Silsethytta var og utgangspunktet for den eldre Silsetrenna, som var eit av dei største skiarrangementa i fylket vårt for ein del år sidan. No på sommaren går det bilveg heilt fram til hytta, men ein kan også gjera som på vinters tid: Parkere nede på Silset og ta føtene fatt oppetter Kleiva. Det er også enkelt å koma seg til Silsethytta frå Kleive-sida av fjellet, men då må ein ta føtene fatt ei stykke før demninga.

Vi oppfordrar med dette alle til å legge søndagsturen til Silsetfjellet denne helga - velkomne skal de vera!

Påmeldingen er stengt