Hodlekve Rundt 2026

Hodlekve rundt - eit fjelløp

Hodlekve rundt er eit fjelløp på stiar i terrenget rundt Hodlekve i Sogndalsdalen. Det finst ein heildistanse på ca. 20 km og 1100 høgdemeter over to fjell/berg, ein halvdistanse på ca. 10 km og 500 høgdemeter, og ei kort løype på 6 km.

Aldersgrenser

6 km: 13 år og eldre
10 km: 13 år og eldre
20 km: 15 år og eldre

Øvelsesutvalg: Løp utenfor bane (Friidrettsforbundet)

Tryggleik

Mobil er påbudt å ha med i tillfelle beinbrot eller andre skader. Du må også ha med deg klede til å klare deg i høgfjellet, og sko med godt grep. Det er lov med stavar. Alle er pliktige til å hjelpe ved hendingar. Løypa er merka med flagg. Ingen værforbehold.

Hodlekve rundt