Dimna IL har tidlegare arrangert fjelløp til toppen av Dimnøya. No tar vi det til nye høgder og arrangerer eit løp som går frå Ulsteinvik sentrum til Mosvatnet. Eit løp på 6,2 km med ei høgdeforskjell på 460 m. Løpet går i samband med Karstenløpet og Smak av Ulstein den 8. juni.
Løpet har ei konkurranseklasse og ei mosjonsklasse utan tidtaking. i Mosjonsklassa utan tidtaking er løypa litt kortare. Denne har mål ved Lisjevatnet og er då ca 4 km lang.