NB: Mosjonsklassen kan velge tid og stad for start sjølve, men då må startnummer hentast ut i forkant på Thon fredag eller før kvar start ved Golleneset 06:00, Kvalsund 07:00, Heid 09:00, Remøy 11:00 og Runde 13:00.
Reglement:
- Du må ha med fullada telefon med nummer til Røde kors lagra. Nummeret blir oppgitt før start. Du ringer dette nummeret om uhell skulle skje.
- Sekreteriatet SKAL varslast dersom du bryt løpet. Telefonnummer til sekreteriat skal vere lagra på telefonen før løpet startar.
- Stavar er lov, men må brukast under heile løpet.
- Du har lov å bytte sko, men skoskift må vere i sekken under heile løpet.
- Du er sjølv ansvarleg for å finne fram.
- Om du går feil vil arrangør kunne gje tillegg i tida.
- Om fjell eller mellomtider ikkje blir passert fører dette til diskvalifikasjon.
- boss må bli kasta på drikkestasjonane undervegs.
Som deltakar i Fyr til Fyr aksepterer eg fylgjande;
- Eg deltek på eige ansvar
- Eg er forplikta til å fylgje Fyr til Fyr sitt reglement.
- Eg aksepterer at helsepersonell kan velge å ta meg ut av løpet viss det ikkje er trygt å fullføre.
- Eg bekrefter at det er forbudt å bruke doping eller andre stoff lista opp av Antidoping Norge.
- Eg bekrefter at Fyr til Fyr kan ta bilde/video av meg på løpsdagen som seinare kan brukast til å promotere arrangementet.
- Eg bekrefter at dersom løpet må avlysast på grunn av “dårlig” vær eller andre omstendigheiter som Fyr til Fyr ikkje kan klandrast for, vil ikkje startavgifta bli refundert.
- Eg bekrefter at Fyr til Fyr kan endre løypene heilt fram til løpsstart av sikkerheitsmessige årsaker.