Løpklasser med tidtaking
Løpklasser med tidtaking

EP-81729-333659-1

NOK 100,-
Trioløpet 11.april! IL Trio friidrett etablerer frå våren 2026 “Trioløpet”. Laurdag 11.april går dette arrangementet av stabelen for første gong. Dette skal bli eit løp der vi famnar flest mogleg: Løpsklasse med tidtaking: Ei oppmålt og flat 5 km løype frå Husnes stadion, gjennom sentrum og rundt kyrkja, med gode moglegheiter for å perse på distansen. Mosjonsklasse utan tidtaking: Delvis same løype, men 3-4 km lang og trasé for gange eller jogging langs Opsangervatnet. Barneløp: Ein kort distanse på eller rundt Husnes stadion. Lågterskel tilbod med tilpassa distanse på eller rundt Husnes stadion. Vi er i gang med planlegging av arrangementet og vonar det kan bli ein folkefest minst på høgde med det gamle, gode Søralløpet, som diverre ikkje lenger eksisterer. Dette skal bli kjekt!