Med utgangspunkt ikkje langt frå fjøresteinane på Moltustranda går det 6,5 km lange motbakkeløpet til vakre Hidsegga 556 moh.
Utsikta frå denne lokale fjelltoppen med storhavet er formidabel. I 2020 vart nettopp denne utsikta kåra til Noregs vakraste.
Løpet startar ved Coop Marked Moltu og målgang på toppen av Hidsegga 556 moh. Løypa går jamnt oppover frå den lokale butikken på asfalt før den flatar litt ut ved merket for 2 km og går vidare på grusveg innover dalen.
Etter ei lita nedstiging mot Sætjørna går det vidare oppover først på grusveg/traktorveg mot Fjøsane ca ved 4 km merket.
Der går løypa vidare på fjellsti og opp løypas brattaste parti. Etter 5 km flatar det ut igjen før siste stigninga før målgong på Hidsegga.
Siste del av løypa er dekka av stein. Full løype er 6,5 km lang.