Bli med på jubileumsarrangementet på Dalen – sommarens store motivasjonsboost! Uansett om du vil springe, gå, trille eller sykle, har vi ei 5 eller 10 km løype for deg. Delta med eller utan tidtaking. Med tidtaking er for deltakarar fra 8. klasse til 100 år. Alle blir med i trekning av fine premiar, og det blir goodiebag til dei med tidtaking!
Prisar:
Med tidtaking: 150,- inkl. goodiebagMed tidtaking mellom 13-19 år: 50,-
Utan tidtaking (gå, springe, trille eller sykle): 50,-
Barn som deltek i barneløypa, er gratis!
Tid barneløp (0-12 år):
Oppvarming: 10.45
Start kl. 11.00
Tid 5 og 10 km:
Fellesoppvarming: 11.30
Startskotet går kl. 12.00.
Stad: Bryggjeområdet på Dalen / Tippen
Velkomen til ein sporty dag på Dalen saman med IL Tokke!