10 kilometer

Oransje løype: Start i Leirvik sentrum, traséen går rundt Ådlandsvatnet. På veg inn mot Møllebrua skal løparane berre springa over vegen som dei alltid har gjort, medan dei må under Møllebrua og over den vesle gangbrua etter at dei har vore rundt vatnet. Denne endringa kom i 2023, og vil framleis gjelda i 2024. Det er løypevakter som viser tydeleg kvar ein skal springa.

5 kilometer

Grønn løype på kartet over er ikkje lenger gjeldande: I 2024 vil det bli ny løypetrasé for 5 km i Leirvik sentrum. Denne løypa har tidlegare hatt start på Kattatveit, men vil frå 2024 ha start saman med dei andre distansane i Borggata. Meir info kjem til våren.

Halvmaraton

Oransje + raud løype: Start i Leirvik sentrum, rundt Ådlandsvatnet, vidare opp til og gjennom Landåsen, forbi Heiane, inn igjen i Landåsen og tilbake til sentrum.

Start og mål

Borggata

Underlag

Grus og asfalt