AUSTEVOLLSLØP NR. 43 I NY DRAKT

I TILLEGG TIL 5KM VERT DET NY SPEKTAKULÆR HALVMARATON OG INNLAGT KRETSMEISTERSKAP BÅDE I 5 KM-LØYPA OG HALVMARATON

Austevollsløpet vart arrangert første gang tidleg på 1980-talet. Den gang gjekk løypa frå Vinnes over Selbjørnsbrua og til skulen på Selbjørn. Sidan har løpet vore arrangert fleire stader rundt i kommunen. Dei siste åra fram til 2022 gjekk løypa over Austevollsbrua til Austevoll Idrettsanlegg.

I 2022, då løpebanen stod ferdig med nytt dekke, vart det både start og mål på Austevoll Idrettsanlegg. Den nye 5 km-løypa vart kontrollmålt og godkjend, så løypa er nøyaktig 5 km – og sjølvsagt så flat som mogeleg, med berre 41 meter total høgdeskilnad.

I år tilbyr me eit variert tilbod både for enkeltutøvarar, familiar og bedrifter.

PROGRAM

Kl. 12.30 – Mini-Mini Maraton 830 m (0–10 år)

For dei minste arrangerer me Mini-Mini Maraton. Dette er GRATIS!

Løypa startar på banen og svingar ut porten i sør. Deretter spring ein rundt fotballbane 2 før ein kjem inn på banen igjen og følgjer løpebanen inn til mål. Det er ei oversiktleg løype der ein kan sjå deltakarane frå målområdet nesten heile tida.

NB! NB! Når Mini-Mini Maraton er ferdig, vert det OPEN HALL med tilsynspersonar og mange kjekke aktivitetar, slik at foreldre som vil, kan springa 5 km-løypa medan ungane vert tekne godt vare på i hallen.

Kl. 13.10 – 5 km Austevollsløpet (11 år og oppover) og 5 km KM (13 år og oppover)

Start på løpebanen med ein defileringsrunde rundt banen før ein svingar ut porten i sør og spring rundt Austevollhallen og ungdomsskulen og vidare ned til hovudvegen. Deretter følgjer ein sykkel- og gangstien til ein kjem til Vestbøbrekka. Her snur ein og spring tilbake til Austevoll Idrettsanlegg.

Når ein svingar av frå hovudvegen mot mål, tek ein vegen på nordsida av tannklinikken og spring inn porten til løpebanen og til mål på same plassen som ein starta.

Kl. 13.10 – Halvmaraton Austevollsløpet og KM (15 år og oppover)

Den nye og spektakulære halvmaratonløypa startar frå Kalve på Bakkasund, via Skår på Hundvåkøy, til Austevoll Idrettsanlegg. Dette er ein fantastisk trase som startar heilt ytst i havgapet og fører deltakarane over øyar og bruer gjennom storslått vestlandsnatur.

Det går buss frå Austevoll Idrettsanlegg kl. 11.45. Bussane kjem fram til startområdet om lag kl. 12.20.

Både 5 km-løypa og den nye halvmaratonløypa vil bli kontrollmålte og godkjende på nytt i år.

Kl. 13.10 – HALVMARATON STAFETT FOR BEDRIFTER, AUSTEVOLL KOMMUNE, ADMINISTRASJON OG POLITIKARAR

Start på Kalve, Bakkasund.

Maks 5 etappar. Kvar deltakar kan berre springa éin etappe. Laga bestemmer sjølve korleis dei vil dela inn etappane. (Hugs å la dei som vil springa individuelt få gjera det – ikkje press dei inn på stafettlaget.)

Kvar bedrift kan stilla med så mange lag dei ønskjer.

Startkontingent: 1000 kr per lag.

Meld på i EQ Timing, https://live.eqtiming.com/79091#dashboard

Lagoppstilling kan sendast til friidrett@aik.no. Eller leverast nårein henter startnummer.

Alle på laget får deltakarmedaljar.

Garderobar er tilgjengelege i Austevollhallen.

KIOSK

Kiosk med masse godsaker er open på banen og i sosialt rom i Austevollhallen.

PREMIERING

Mini-Mini Maraton

Deltakarpremiar til alle.

Austevollsløpet 5 km og Halvmaraton

Nye spesialdesigna deltakarmedaljar.

KM 5 km og Halvmaraton

KM-medaljar til dei tre beste i alle klassar.

Bonus: Nye spesialdesigna deltakarmedaljar som for dei som er med på Austevollsløpet.

Premier til dei tre beste i mål på 5 km og halvmaraton.

Halvmaraton Stafett

Nye spesialdesigna deltakarmedaljar til alle på laget.

ALLE MED STARTNUMMER ER MED I TREKNINGA AV FINE GÅVEPREMIAR!

STARTKONTINGENT

Mini-Mini Maraton: GRATIS

5 km Austevollsløpet og KM: 150 kr

Halvmaraton Austevollsløpet og KM: 250 kr

Halvmaraton Stafett Austevollsløpet: 1000 kr

PÅMELDING

Mini-Mini Maraton

Påmelding på e-post til friidrett@aik.no.

Me treng fullt namn, fødselsår, kjønn og eventuelt klubb.

Austevollsløpet og KM 5 km og halvmaraton

Påmelding på EQ Timing:

https://live.eqtiming.com/79091#dashboard

FERJER

Frå Krokeide

09.40 – framme ca. 10.30

11.10 – framme ca. 12.00

Frå Sandvikvåg

10.50 – framme litt før 11.30

Me tek atterhald om ruteendringar.

Dersom det er noko ein lurer på, kan ein ta kontakt med Svein Harald Haukanes på telefon 901 65 709.

Me gler oss til å sjå deg!

Hjelp og betingelser