Renninfo

Start/transport: Starten går frå toppen av t-krokheisen i Haukelifjell skisenter kl. 12.30 (følg skiltinga). Startstaden ligg ca. 1000 m.o.h. Alle som skal delta i rennet kan ta heisen opp gratis. Ein bør reikne ca. 15 minutt ekstra til dette. Det er fellesstart for alle klassene. Arrangøren regulerer startposisjonane. Mål er i Haukelifjell skisenter. Følg skilting til start. Kvar enkelt er ansvarleg for å koma seg tidsnok til start.

Oppvarming: Det blir høve til å varme opp i løypa.

Stilart: Rennet går i fristil, preparert for både klassisk og skøyting.

Drikkestasjonar/matstasjonar: Det blir drikke- og matstasjon (saft, sportsdrikke og frukt) etter 8 km, 16 km og 22 km. Det er kiosk ved fyrste matstasjon.

Garderobar/dusj etc.: Det er garderobar/dusj på Edland skule. Køyr E134 til Edland, deretter fylgjer ein skilting.Inne i Tyrvelidhallen på skisenteret er det kafè, toalett m.m. Det blir satt opp ekstra toalett ved start- og målområdet.

Resultatservice: Resultatlister blir kunngjort ved mål så snart dei er klare. Listene blir òg lagt ut på heimesida www.haukelirennet.no

Startnummer, avlevering/henting av klede: Brikka er integrert i start-nummeret. Difor er det viktig at startnummeret er med gjennom heile løypa. Ved utlevering av startnummeret får ein pose til klede. Det er viktig å nytte vedlagte strips (merka med ditt startnummer) for å lukke posen. Lever lukka pose på startområdet i merka sone. Posane kan deltakarane hente i målområdet etter målgang.

Sanitetsteneste: Det er medisinsk ansvarleg og sanitetspersonell på staden. Røde Kors vil vere fleire stader ute i løypa.

Avlysing/endring av løypa: Ved dårleg vêr kan løypa bli korta inn. Særs vanskelege temperatur-,vêr- og snøtilhøve/andre løypetilhøve kan i verste fall føre til avlysing. Fylg med på heimesida www.haukelirennet.no.

Sperretid: Ein må ha passera den siste matstasjonen (22 km) innan 3 timar og 30 minutt etter start (kl. 16.00).

Ved avbrote løp: Ta kontakt med rennkontoret og levèr startnummeret der.

Premieseremoni: I målområdet ca. kl. 14.30, men eksakt tidspunkt blir kunngjort av speaker.

Premiar: Premiar utanom premieseremonien må deltakarane hente sjølve. Trekningsliste av trimpremiar blir kunngjort renndagen. Uavhenta premiar blir ikkje ettersendt.

Miljø
Ikkje kast søppel i traséen. Ta med søppelet til nærmaste matstasjon