Stord friidrett ønskjer velkommen til ein skikkeleg løpsfest i Leirvik sentrum laurdag 2. mai 2026. Dei fem første utgåvene av dette arrangementet hadde namnet Sunnhordland Maraton. I 2024 kom arrangementet i heilt ny drakt, som Sunnhordland løpsfest.

Distansar: 5 km, 10 km, halvmaraton, barneløp og Superløp for personar med nedsett funksjonsevne.

Start og mål er i Borggata på Vikjo. Meir info om løypetraséane finn ein på Sunnhordland løpsfest si nettside.

Påmeldinga til dei ordinære distansane og superløpet gjer du her på EQ Timing. Trykk her for eiga lenke til bedriftspåmelding!

PS! Me minner om at foreldre som ønsker å springe saman med ungen sin på 5-kilometeren, sjølv også må melde seg på distansen på ordinært vis. Dette gjeld også om ein allereie har meldt seg på andre distansar.

Påmelding til Fylkesnes Bil sitt barneløp finn ein her!

Prisen for dei ordinære distansane aukar to gonger fram mot arrangementet: 1. januar og 1. april.

Det blir After Run på Arenna laurdag kveld.

Sjekk Facebook for fortløpande nyheiter frå Stord friidrett.

Sjå nettsida til Sunnhordland løpsfest for praktisk informasjon.