Velkomen til Mefjellet Opp 2026!
Valldal IL ønskjer velkomen til Mefjellet opp. Det er fellesstart kl 12.00 for konkurranseklassene. Undervegs vert det to drikkestasjonar, på Hauge og Nysætra, samt drikke ved mål. Det er ikkje krav om sekk, men oppfordrar til å ta med nødvendige klede og utstyr til bruk etter målpassering.
Det er også muleg å delta i ein kortare versjon av Mefjellet opp med start på Hauge med distanse på knappe 4 km og høgdeskilnad på 700 meter. Start kl 12.00. Det er fire klasser jenter 15 år oy, gutar 15 år oy, damer 16 år og eldre og herrar 16 år og eldre.
For dei som som ønskjer å ta seg til toppen i sitt eige tempo vert det mosjonsklasse utan tidtaking og start mellom kl 10.00 og 11.30.
Løypa er uendra frå tidlegare år. Den startar heilt nede ved fjorden i Fjørå. Den første delen går delvis på asfalt og delvis på gamal bygdeveg. Etter 3 km går løypa inn på setervegen opp til Nysætra. Det er jamn stigning og underlaget er grus. Etter sætra er det fjellterreng med varierande stigning og underlag i i knappe 1,5 km opp til toppen av Mefjellet, 1100 moh.
Alle deltakarar får Mefjellet opp medaljen. I konkurranseklassene full distanse er det premiar til raskaste herrer og damer, samt klassevis premiering. I klassene med start frå Hauge er det premie til vinnar i kvar klasse. I mosjonsklassa er det uttrekkspremiar.
Alle som melder seg på i konkurranseklasse, både full distanse og kort distanse, må ha lisens i samsvar med reglar fastsett av Norges Friidrettsforbund. Det må registrerast eingongslisens dersom deltakararen ikkje har betalt heilårslisens. Avgift for eingongslisens må betalast saman med startkontingenten i EQtiming.
For meir informasjon sjå www.mefjelletopp.no