Voss Løpskarusell 2025, alle 6 løp

Velkomen til Voss IL sin løpskarusell i Prestegardsmoen

Løpsdatoar: 07.04, 05.05, 02.06, 30.06, 04.08, 22.09 (NB Vossaton den 23.08)

Lisens: Alle frå 13 som ikkje har lisens hjå Norges Friidrettsforbund må kjøpa eingongslisens. Dei som melder seg på alle løpa samla betalar lisens som for eitt løp.
Eingongslisensen er frå kr 20 - varierer etter storleiken på startkontingenten.

Påmelding alle løp gjer du her

Du kan melda deg på alle løpa fram til og med løp 2 (05.05) og få ein billigare startkontingent. Deretter må du melda deg på kvart karuselløp.

Vaksne (frå 19 år) for alle løpa: kr 370 + lisens kr 40 som gjeld for alle løpa.

Barn/ungdom til og med 18 år: kr 220 + lisens kr 30 som gjeld for alle løpa.

Rabatt, kr 70, for medlemmer i Voss IL ved påmelding alle løp. Sjå heimesida for rabattkode (under "Info Voss Løpskarusell)

Påmelding enkelt løp: Gå til det enkelte løpet.

Vaksne kr 90 + lisens kr 20 for kvart løp.

Barn/ungdom til og med18 år: kr 60 + lisens kr 20 for kvart løp.