Sunnhordland Maraton 2021_25.09

 

SUNNHORDLAND MARATON LAURDAG - 25.september 2021

 

 

STARTTIDER:
Maraton kl 09:30
Barneløp kl 10:30
Halvmaraton kl 10:45
10 km kl 12:00 

5 km kl 13:00

Team Puls: Ikkje fastsatt

 

 

LØYPE
Alle løp startar i Leirvik sentrum, og nordover med runde rundt Ådlandsvatnet, tilbake til sentrum og vidare sørover med runde rundt Landåsen, Skipåsen og tilbake til sentrum. Sjå løypekart.

5 km løypa startar på Kattatveit og går via lønning over litlabøveien inn i Landåsen. Fra Landåsen følger 5km samme løype som halvmaraton og har målgang i Borggata.

10 km startar lengst nede i Borggata og har ein kort runde i sentrum før ein spring nordover mot Ådlandsvatnet. når en kommer tilbake til sentrum er det ein ny kort runde med målgang oppover borggata. 

Halvmaraton startar litt lengre oppe i Borggata, ved Reisebyrået/Smio. Så spring ein nordover ein runde rundt Ådlandsvatnet, tilbake til sentrum og ein runde sørover Landåsen/Skipåsen og tilbake til mål i sentrum.

Maraton startar øverst i Borggata og ein spring to fulle rundar.

Rundt Ådlandsvatnet og i Landåsen/Skipåsen går løypa på turvegar med grus. Resten av løypa er asfalt. Ca 2/3 av løypa er på grus.

STEMNEKONTOR:
Stemnekontoret ligg på "den blå time" i Borggata i målområdet. Opningstider fredag 16 – 21, laurdag frå kl 08:00.
På stemnekontoret:
- utdeling av startnummer fredag ettermiddag og laurdag fram til 1 time før start
- innlevering/oppbevaring av verdisaker
- utdeling av
T-skjorter til dei som har bestilt.
- salg av T-skjorter kr 200 pr stk

DRIKKESTASJONAR
Det blir 3 drikkestasjonar, ein i sentrum ved start/mål, ein på Vatna og ein i Landåsen. Drikkestasjonane er plassert slik at det aldri er meir enn 5 km mellom dei. På drikkestasjonane blir det servert vatn (blanke beger), sportsdrikk (farga beger) og bananer.

START, MÅL OG AKTIVITETAR I SENTRUM
Start og mål for alle distansar er i sentrum i Borggata, sjå kart over sentrum. Bortsett frå 5km som startar ved Kattatveit litt utenfor målområdet i Borrgata. 

TOALETT
Det blir sett ut mobile toalett i Smio like ved start halvmaraton og maraton.
Dessuten kan toalett på Grand Hotell nyttast, inngang på baksida. Toalettplassering er vist på kart over sentrum.

PARKERING OG GARDEROBAR
Deltakarar og publikum blir oppfordra til å parkere på Vabakken, Vikahaugane eller ved Yrkesskulen. Garderobar i Nyehallen på Vikahaugane kan benyttast. Sjå kart over parkering og garderobar.

BARNELØPET
Det er ikkje førehandspåmelding til barneløpet. Oppmøte på Torget mellom kl 09 og 10 for utdeling av startnummer. Oppvarming på Torget 10:00 – 10:15. Barna blir så følgd bort til start ved Kringlo, start kl 10:30. Barna spring ein runde ned Borggata, bort Nattrutekaien og opp Nordre Kaisving. Mål øverst i Nordre Kaisving.
Alle deltakarar får medalje.


PREMIERING
Alle deltakarar får medalje rett etter målpassering.
Premie (pokal) til dei 3 beste damer og herrer alle løp. Utdeling i målområdet når alle premievinnarar er i mål.