Kjenn syra i beina og vinden i håret når du tek utfordringa opp til Gullfjellet – Bergen sin høgaste topp på 987 meter over havet. Her ventar ei rå utsikt mot Samnanger, bygda som med rette blir kalla verdas vakraste.
Gullfjellet har vore eit landemerke og leiestjerne for vestlendingar i hundrevis av år – både for fjellfolk, turgåarar og vêrvarslinga. Dei gamle vardane og turhytta Redningshytten vitnar om dramatikk og samhald i fjellet, heilt sidan tidleg på 1900-talet.
No skriv vi vidare på historia – med blodsmak i munnen og Gull(fjellet) i blikket.
Startskotet går ved den gamle hoppbakken på Gullbotn, eit stykke lokal idrettshistorie der det er hoppa sidan tidleg 1900-talet. Her flaug dei gjennom lufta – no er det din tur til å setje spor i bakken, denne gongen med start i unnarennet!
Frå start er det 4,5 km og 750 høgdemeter til toppen – ei ekte kraftprøve i motbakke.
Gullspretten er for alle, og belønninga er verdt kvart steg: panoramautsikt, frisk fjelluft og kjensla av å stå på toppen av heile Bergensregionen.
Er du klar for årets mest majestetiske motbakkeløp? Gullspretten ventar!
Følg med på heimesida og facebooksida vår for meir informasjon ettersom løpet nærmar seg
* Konkurranseklasse - 200,- per person. Aukar til 300,- frå og med 01.juli
* Trimklasse med eller utan tid – for deg som vil nyta turen i eige tempo. 100,- per person. Maks 300,- per familie
* Trimklasse – kort – perfekt for dei som vil ta halve turen, men få heile opplevinga! 100,- per person. Maks 300,- per familie
* Teknisk t-skjorte med Gullspretten-logo: Kr 150,-