Damvegen Opp 2027

Dette er ikkje ein vanleg tur – det er ei kraftprøve med utsikt som tek pusten frå deg.

Early Bird-påmelding er opna!

Meld deg på til ekstra god pris fram til 1. januar 2027.

0–15 år: 150 kr
16 år og eldre: 300 kr

Sikre deg plass i dag!

Damvegen Opp - 4.5km blodslit

Er du klar for ei kraftprøve med fantastisk utsikt som belønning?

Bli med på motbakkeløpet i Ålvik!
Løypa er 4,5 km lang, med heile 600 høgdemeter – her får du testa både kondisjonen og viljen! Underlaget er grusveg heile vegen, og du kan springa, jogga, gogga eller gå – tempoet bestemmer du sjølv, men merk at det er cut-off tid på 2 timar.

To drikkestasjonar i løypa held deg hydrert, og på toppen ventar det forfriskingar.
Røde Kors er med heile vegen for å sikra ei trygg oppleving for alle deltakarar.
Medalje til alle som fullfører!

Rekordar:

Herreklasse: Per-Arne Bakken 26:07
Dameklasse: Elisabeth Eide Haugstad 38:01
Ungdom: Theodor Bøe Gjelseng 31:45

Program

Kl 09:30: Innsjekk startar
Kl 11:30: Start Trimklasse
Kl 12:00: Start Bedriftsklasse
Kl 12:30: Start Konkurranseklasse
Kl 13:30: Premieutdeling

Ålvik-fjellet Opp | Strava Run Segment in Kvam herad, Vestland