Velkommen til Såto Opp - eit trappeløp opp Tysnessåta 753 moh.
SvingenPuls, Venelaget Tysnessåta og Tysnesfest kickstartar Tysnesfestveka torsdag 9 juli med løp og konsert på Tysnessåta. Alle som kjem seg opp dei 1000 trappetrinna, 2 kilometer lange trasèen, og 500 høgdemetra frå start til mål - får i tillegg oppleve ein uforgløymeleg konsert med Odd Nordstoga på fjelltoppen!
Løpet passar både mosjonistar, familiar ungdommar og proffe, og ein vil starte puljevis utifrå klassar.
Alle deltakarar får teknisk t-skjorte (400 første påmeldte) og alle er også med i trekninga av flotte premiar sponsa av det lokale næringslivet.
Klassar og prisar: (med forbehold om endringar)
10:00 - Mosjonistklasse (ikkje tidtaking). Kr. 200,-.
Familiebillett kr. 500,- (inntil 6 familiemedlemmer).
11:00 - Konkurranseklasse ungdom 12-15 år. Kr. 200,-
11.30 - Konkurranseklasse damer 16-39 år og 40 +. Kr. 300,-
12.00 - Konkurranseklasse menn 16-39 år og 40 +. Kr. 300,-
13.00 - Konsert med Odd Nordstoga.
Dette er andre gong løpet blir arrangert, bli med opp på Tysnes sitt høgaste fjell - dette vil du få med deg! Over 300 deltakarar i fjor!
Takk til lokale sponsorar som gjer arrangementet med løp og konsert mogleg!