Bergsdalen Halvmaraton

Velkomen til Bergsdalen laurdag 12. juni 2027 og til Bergsdalen Halvmaraton!

Eit løp i samarbeid mellom Stanghelle IL og Bergsdalen IL.

Kontrollmålt løype med berre 90 høgdemeter. Start kl. 10.30. Det vert halvmaraton, 10 km og stafett på halvmaratondistansen.

Etter løpet vert det bading, afterrun med noko å bita i på Bergsdalen skule, og me håpar å få til aktivitetar for borna i målområdet sammen med Frusverket slik som i 2026. Løypene er kontrollmålte og godt merkte. Me har løypevakter og drikkestasjon langs løypa.

Det vil bli satt opp gratis busstransport frå Dale. Denne vil korrespondere med tog fra Bergen. Påmelding til denne vil komme seinere i Spond Vi anbefaller dei som kan til å benytte seg av dette tilbudet grunna begrensa mulighet til parkering i startområde.

Det vert tidtaking med eige system.

Start og mål for alle distansar er ved kyrkja i Bergsdalen - nærmare bestemt ved avkjøringen mot Lid skule.

Løypeprofil på Strava

Dette er eit lågterskelløp der fokus er idrettsglede, fellesskap og gode naturopplevingar. Vinnarane av halvmaraton og 10 km, både dame- og herreklasse, får Dalegenser. Vinnarlaget i stafetten får ein premie det er lettare å dele.

I stafettklassen vel de sjølve kor lang distanse kvar deltakar skal springe. Plasser dykk langs løypa der de ser ein fornuftig overtagelse kan skje og vent til lag-kameraten din kjem. Hugs å hente stafettpinne og startnr ved startområdet. Siste løpar på laget må levere denne inn etter målgang!

Følg Bergsdalen halvmaraton på Facebook for oppdatering og på Stanghelle IL.

Påmeldingen åpner 01.11.2026 00:00